I India, Tanzania og Etiopia vert det drive viktig utviklingsarbeid basert på deltakande aksjonsforsking. Ein betrar økonomi, helse og andre tilhøve for folk i små lokalsamfunn. Ein bruker handlingsretta dialog i små grupper. Kollektive refleksjonar gir kvar deltakar inspirasjon til personlege ettertankar. Dermed får ein til eit samspel mellom den forståande ”utvikling innanfrå” og tilsvarande drivkrefter nedanfrå og ovanfrå.
”Utvikling innanfrå” er då også hovudtittelen på ei bok frå eit av sentra denne aksjonen vil støtte. Målet er å opparbeide kompetanse og ei klarare forståing av likeverdsarbeid. Slik kompetanse har alle personar og organisasjonar - også vi som aldri har vore i nyhendebiletet – eit ansvar for å drøfte. Tidlegare leiar av Nobelkomitéen, Ole Danbolt Mjøs, er ein varm tilhengar av denne tilnærminga. Med si breie interesse for samfunnsspørsmål forstår han at grunnlaget for fred må starte i kvart einskilt menneske sitt indre.
I Noreg går vi ut frå som sjølvsagt at alle menneske er like mykje verd. Vi synest det er rett og rimeleg at alle små skal kunne komme til verda under like trygge forhold; få har ytra seg mot at kvart einaste barn i skolen bør få tilpassa opplæring – for alle bør jo bli gagns menneske til glede for seg sjølve og andre; dei aller fleste har i dag heller ikkje noko imot at alle skal ha ein verdig alderdom.
Når det gjeld verdigheit for alle vaksne, har vi det vanskelegare. Vi har ein medfødd tendens til redsel for ikkje å kunne sikre våre aller næraste mat og ly i åra framover. Denne redselen er så sterk at den i dagens situasjon altfor ofte vinn over vår solidaritet med andre, sjølv om vi med ettertanke veit at ein slik solidaritet trengst for å sikre både våre næraste og andre på lengre sikt. Vi håpar du som les denne appellen, blir einig med deg sjølv og gjerne med andre om at dette er rett. For dette er grunnlaget for det som no følgjer.
Likeverd for alle vil krevje at vi går inn for å balansere våre medfødde og påførte tendensar på ein god måte. Vi sjølve og dei vi har kontakt med lærer då å oppføre oss slik at vi myndiggjer kvarandre til sjølvstendig fridom og ansvar. Nest etter tryggleik for mat og ly er jo dette det aller viktigaste for at alle skal kjenne seg meir likeverdige. Dessutan kan myndiggjorte menneske lettare finne måtar å sikre seg mattryggleik på. Likeverd blir det sentrale for vurdering av både metode og resultat.
Underskrivarane av denne appellen trur fast på dette og har derfor tatt initiativet til ein aksjon for likeverd i praksis. Den går i mai 2010. Etiske omsyn har - ubevisst lenge men no meir bevisst - vore vår leiestjerne. Likevel er vi så jordnære at vi erkjenner at om vi navigerer i riktig kompassretning etter ei stjerne, så kjem vi aldri så langt som til å nå stjerna. Vår samtalepartnar, professor Peter F. Hjort, har minna oss om dette så mang ein gong.
I Tanzania arbeider Ruth Nesje konkret og intenst etter ei slik leiestjerne. I India gjer Varun Vidyarthi det same. Kvart steg dei tar er bestemt av eit utal praktiske omsyn der og då. For å finne vei i kompleksiteten bruker dei ein samarbeidsmåte som vi her kan kalle handlingsretta dialog. Ein kan også bruke deltakande aksjonsforsking om same metode. Mange utformingar og overskrifter finst og er ofte utvikla nær grasrota , uavhengig av kvarandre. Dette viser at hovudprinsippa er allment gyldige. Ein framveksande positiv psykologi er i ferd med å bekrefte det ytterlegare. Alt i alt vil dette føre til at metoden snart får legitimitet i endå vidare kretsar.
Varun og Ruth har i sine solide praksisar sett at framgangsmåten kan endre visse tradisjonar og betre tilhøva for dei fattige der ute. Spesielt målt i høve til ressursinnsatsen. Men tilsvarande resultat har Ruth og erfart i Noreg. Her har ho arbeidd med hjelparar og brukarar i både offentleg og sivil sektor. Begge har arbeidd som tilretteleggarar, det vil seie prosessrådgivarar under lokale prosessar for avgjersler med faktainnhenting. Dei har også verka som trenarar for å hjelpe andre til å bli tilretteleggarar.
Fleire titals studentar frå høgskular og universitet i Noreg har fått korte innføringar via kurs, praksis og bachelor-oppgåver ved sentra TICC i Tanga og Manavodaya i Uttar Pradesh. Dette er kollektiv læring der teori og praksis er integrerte. Samstundes er det for kort tid for dei fleste til å praktisere for alvor ”mot straumen” når dei kjem heim. Men elevar i Norge og Tanzania vil berre ha meir og meir av slik pedagogikk - når dei først har opplevd den og blir spurde. Handlingsretta dialog har evne til å avdekke sanningar av stor lokal straksverdi. Samtidig gir det grunnlag for berekraftige samarbeidskulturar, til dømes i næringslivet si innovasjonsverksemd. Det gir god beredskap mot uventa endringar i eksterne tilhøve.
Ruth og Varun har sett kor mykje dei kan gjere med beskjeden finansiering. Deira logikk/fornuft har følgje av nøysemd, tolmod og mangfald. Dei og vi forstår at den mest berekraftige hjelpa vil vere at kvar av mange fleire landsbyar fekk sin eigen tilretteleggar som vil arbeide der i lengre tid. Desse kunne halde seg prosessfagleg gode og motiverte over tid via eit kolleganettverk. Så med god pengestøtte (seed money) no straks vil mange fleire landsbyar få effektiv hjelp til sjølvhjelp. Og slik også legge grunnlag for samarbeid mellom landsbyar.
Dei er heldigvis ikkje åleine i verda med effektiv, handlingsretta dialog. Norske Tove Nagel har lukkast så godt med deltakande aksjonsforsking i etiopisk lærarutdanning at eit par afrikanske land no vil følgje opp hennar eksempel der i eigne, landsomfattande skuleprogram! Sidan dette skjer utan direkte bistandsstøtte, tyder det ein veldig stor ringverknad av den moderate kostnaden Redd Barna hadde i Etiopia. Variantar av handlingsretta dialog er blitt brukt i heile verda, oftast med gode resultat når hovudprinsippa er følgde. Men - resultata blir ofte ikkje sett av omgivnadene fordi desse ikkje har likeverd som overordna og eksplisitt verdi. Dette skuldast ikkje minst innarbeidde tradisjonar, det vil seie den observerande gruppa sine reaksjonsvanar. Endå oftare og av same grunn blir heller ikkje metoden forstått som ”logisk”. Nokre forstår den intuitivt, men endring av kven som skal bestemme fell ikkje i god jord hos alle. Men mange leiarar ser etter kvart at dei får andre fordeler. Nokre ganske få forstår men let som om dei ikkje gjer det.
I Etiopia lærte lærarane å tilretteleggje deltakande skulearbeid. I våre program skal utvalde aspirantar gjennom trening få og vidareutvikle sin kompetanse i å tilretteleggje kollektive prosessar for avgjersler på grasrota. Etter kvart skal dei drage inn andre administrative og politiske nivå for å få fleire interessentgrupper med i felles prosessar. Moglegheitene og prinsippa er dei same, og tiltaka vil kunne få tilsvarande god spreiingseffekt. Nokre vil nok sjå sjansane for å lukkast som dårlegare enn det vi gjer. Uansett håpar vi mange synest det er fint med eit slikt unikt høve til å vere med på å sikre etterslekta vår. Det hastar før mai er ute, så sjå gjerne straks om korleis på fflh.no . Det trengst ein del såfrøpengar. Invitasjonen til personar og organisasjonar om å bidra med ein fast sum kan lastast ned frå fflh.no/likeverd/invitt.doc eller bestillast frå 64940475 (HiL) eller 22625646 (FFLH).
For å kunne få ein berekraftig dialogisk kultur med spreiingseffekt trengst moralsk og økonomisk støtte frå så mange som mogleg. Vi i Noreg kan etter kvart til gjengjeld få del i prosesskunnskap som vil kunne auke graden av fredskultur og berekraftig utvikling med innovasjon på alle nivå, også i vårt eige samfunn.. Mykje bra i denne retning er eigentleg på gang. Eit døme er pågåande etablering av nettverket NorskDialog.no .
Helsing styret i den ideelle forskingsstiftinga Fondet for Lokale helseforsøk (fflh.no/fond.html)
Truls W Gedde-Dahl, Harald Jodalen, Gunnar Øygard
fflh.no har fleire opplysningar om likeverdsprosjektet
invitasjon til nedlasting for dei som tenkjer på å bli med på ”Kronerullinga”
Liste med korte, støttande utsegner frå andre personar om saka.
Denne skal oppdaterast etter kvart på fflh.no/likeverd/utsagn.html og/eller .doc)