www.fflh.no/dialog/S5582a.html Trygve Refsdal. Samliv med rovdyr. Innlegg i debattARENA i Aftenposten 29/5-2004

Samliv med rovdyr?

Av Trygve Refsdal, Voss.

I sin kronikk 12/5 tek Ingela T. Flatin, Rinjan Shrestha og Narendra M.B. Pradhan for seg spørsmål om rovdyr i Nepal og i vårt land. Dei kjem inn på dei konfliktene vi finn i Nepal og i andre fattige land når det gjeld rovdyrforvaltning, og med dette utgangspunktet finn dei at våre problem i norske bygder er små.

Det ville vore eit betre utgangspunkt for ein debatt om forfattarane her hadde kome meir inn på det mest sentrale: Korleis fattige bygdefolk og bønder sine interesser ofte vert overkøyrde av internasjonale organisasjonar og av makteliten i fattige land.

I land som Nepal og Zimbabwe, som har vore svært attraktive land for ulike pengesterke naturvernorganisasjonar, er dette ingen idyll. Her er undertrykkande og korrupte regime, som lett ofrar fattige bønder og omstridde landområde for å oppnå internasjonal prestisje og for å få pengar i kassa. Også i mange andre fattige land er det store konflikter knytt til vern av ville dyr.

Stundom er det ein kamp på liv og død, som i Tiro-Botar-Bechu i Etiopia. Då eg vitja området sa sjåføren min: "Her er ein krig." Folk og husdyr var jaga ned frå eit kjøleg og frodig fjellområde og ned til eit sletteland, der husdyr i stort tal strauk med. Og folk, ofte svekka av matmangel, døydde av malaria og andre nye sjukdomar. Medan Gebre Markos, den lokale arkitekten bak verninga, fekk heiderleg omtale i Time Magazine.

I Nepal var eg rådgjevar for FAO i ein liten nasjonalpark i Shivapuri nær Kathmandu, i eit norsk-finansiert prosjekt. Her øydela villsvin frå parken avlinga til fortvila bønder som budde i områda ikring. Toppleiinga saboterte våre planar for å gjera noko med problemet, og eg slutta i protest. Eitt år etter vart det første villsvinet fanga, og kjøtet skulle etter avtalen delast mellom folket i landsbyen. Men kjøtet vart konfiskert av soldatar, og den lokale helten, som fanga villsvinet, vart sett i fengsel. Dette er dokumentert i detalj i ein rapport av Hanneke Kloosterman. Etterpå vart ho skvisa ut av prosjektet.

Kanskje dette er ekstreme hendingar, men dei høyrer med i totalbiletet. I ei tid der journalistar og organisasjonar med stor iver freistar å skapa eit mediebilde av harmoni og problemfritt samliv med ville dyr i fjerne land.

Eg synest ikkje at politikken i Nepal bør vera noko eksempel for vår eigen, norske politikk.