www.fflh.no/dialog/S5554c.html
S5554c Nils Standal "Vranglære om om feitt og helse." Aftenposten debattARENA 24. mai 2004---
Vranglære om om feitt og helse
Det trengs fleire snuoperasjonar enn endring i synet på sukker og bruskonsum ved Ernæringsinstituttet , Universitetet i Oslo. Eg spår at slike snuoperasjonar kjem, og eg skal peike på kvifor.
For ti år sidan var det sterke indikasjonar frå amerikansk forskning på at transfeittsyrer frå herda margarin var skadeleg og ville føre til auka frekvens av hjarte- karsjukdommar. Folk frå Ernæringsinstituttet vart konfronterte med dette men det vart stort sett møtt med arroganse og argument som viste at dei ikkje forstod dei statistiske metodane som var brukte i den store granskinga som omfatta 85,000 kvinnelege sjukepleiarar i USA.
Det store problemet med hjerte- karsjukdommar etter siste krig fekk vanlegvis det animalske feittet skulda for. Men den store auken i feittkonsum kom heller frå margarin og ein margarin som hadde opptil 40 % transfeitt. Dette var det feittet som Ernæringsrådet og Ernæringsinstituttet tilrådde forbrukarane å erstatte smøret med!
Danske forskarar hevdar, at transsyrer er ti gongar farlegare enn anna metta feitt. (Dagens Næringsliv 3./4. april 2004.) Rapporten frå dei danske forskarane "Transfettsyrers betydning for sundheden" slo ned som ei bombe i Danmark. Matvareminister Mariann Fisher Boel aksjonerte . Frå 1. januar 2004 er det forbode med meir enn 2% transfeitt av feittet i danske matvarer. I USA og Canada er det vedteke nye reglar som betyr at det må gå fram av merkinga kor mykje transfeitt det er i eit næringsmiddel. Det tragiske er at norsk (og utanlandsk) næringsmiddelindustri held fram med gamle "reseptar" i varer som blir selde i Norge medan dei må legge om for eksporten til Danmark. Her i lande får vi plenty av transsyrer i kjeks, brødvarer, sausar, supper , osb.
Som eg har nemnt har forskningsresultata vore kjende lenge, og Ernæringsinstituttet må ta ein stor del av ansvaret for at vi ligg langt etter danskane og andre. Dei må og ta skulda for at norske ernæringspolitikarar ligg så langt etter når det gjeld tiltak. Statens Ernæringsråd er totalt dominert av Ernæringsinstituttet. Snuoperasjon trengs!
Den store saka for Ernæringsinstituttet dei siste 30- 35 åra har vore kampen mot metta feitt og mjølkefeitt. Å få ned feittkonsumet var viktig nok, men Kåre Norum nemnde alltid husdyrprodukt og mjølkefeitt først og kanskje på slutten av setninga hengde han på margarin. Dette skjedde sjølv om vi på den tida hadde størst konsum av margarin og bakefeitt med store mengder transfeitt.
I dei seinare åra har det kome mange vitskapelege rapportar som påviser og konkluderer med at mjølkefeitt er gunstig for helsa. Den siste eg har lese er frå ei svensk forskargruppe og publisert i British Journal of Nutrition (2004), 91, 635-642) . Konklusjonen er at auka inntak av mjølkefeitt minkar risikoen for hjarteinfarkt. Denne rapporten er ikkje den einaste med liknande konklusjon. Eg spår at det kjem ein snuoperasjon frå Ernæringsinstituttet på dette området og, før eller sidan. Ein som vil bli av dei siste til å snu er professor Christian Drevon. Det var han som tømde mjølkekartongen i vasken på TV for nokre år sidan. Det er slike folk media elskar og han blir tilkalla når mjølk er tema i radio eller på TV. Sist var han i radio fredag 23. april i NRK Østlandssendinga. Bodskapen var den same, - mindre mjølkefeitt. Sakleg informasjon var det lite av, men slik er det visst moderne media vil ha det. Så vi får nok høyra og sjå professoren også i framtida.
Nils Standal
Professor emeritus
Norges landbrukshøgskole