S5554a Nils Standal Marknadsmakt og forteneste Kronikk Bondebladet 18/3-04 om landbr.samvirket og forsking (skal legges inn under navnet /dialog/S5554a.html

S5554b E Faldet Innlegg Dagsavisen 21/3-04 om samme

S5554c Nils Standal kronikk i Aftenposten mai 2004 om transfett ---

 

Marknadsmakt og forteneste.

I eit "klipp" i Bondebladet nr 4 er nestleiar i Norges Bondelag Kari Redse Håskjold sitert slik: "Pengane i landbruket er flytta frå primærleddet til sluttleddet . Slik er det over heile verda i dag. Vi må krevje at primærleddet får auka makt slik at innteninga til bøndene vert betre"(sitat frå Møre Nytt)

Denne observasjonen stemmer godt med eigne observasjonar av internasjonal matvarehandel frå ein FN-organisasjon (FAO). Situasjonen er naturlegvis verre i land der bøndene er dårleg organisert. Rapportar frå dei fleste utviklingsland peika på at der var det såkalla "mellommenn" som drog av med fortenesta. FAO –representanten i Latin-Amerika fortalde om småbønder frå fjellområda som kom ned til flatlandet og byane med lammeskrottar på ryggen for å selje kjøtet. Mellommennene var ikkje interesserte i kjøp før det leid så langt på dag at bøndene måtte selje uansett pris. Dei kunne ikkje bere med seg slaktet oppatt på fjellet.

Avmakt for marknadskreftene.

Denne situasjonen kjenner dei som har lese si norske landbrukshistorie eller er på min alder og har snakka med sine foreldre om dette. Eg hugsar særleg ein onkel som fortalde om denne situasjonen på Sunnmøre. Dei reiste med mjølkebåten til byen (Ålesund) med lammeslakt om hausten i 1920- åra. Der var ikkje slaktarane interesserte i å kjøpe før det var like før båten skulle heimatt om ettermiddagen. Då kunne dei få 35 øre kiloen for slaktet. Denne situasjonen førte med seg nærast eit hat til byfolk, eit hat som varde til etter krigen då matsituasjonen hadde vist at det var bruk for bøndene.

Det er ei liknande avmakt Kari Redse Håskjold beskriv i "klippet" ovanfor når ho seier at "pengane er flytta frå primærleddet til sluttleddet" og avmakta for bønder og andre produsentar av biologiske råvarer er universell.

Det grunnleggande problemet er at den frie marknaden er svært dårleg skikka til å regulere tilbod og etterspurnad for biologiske produksjonar. I klassisk økonomi kjenner vi utslag av dette i dei kjende "fleskesyklusane" frå USA Professor S. Berge har funne dei same syklusane i norsk svineproduksjon og prisar frå 1896 til først på 1930- talet då samvirkeorganisasjonane vart sterke nok til å starte å regulere marknaden. Problemet er at produksjonen er starta fire år før produktet svinekjøt kan marknadsførast og når produktet er ferdig kan det vanskeleg lagrast og må marknadsførast uansett pris. Eg skulle gjerne sjå dei "marknadskreftene" som kan sjå fire år fram i tid og regulere ein slik produksjon

Fiskeoppdrett

I nyare tid er situasjonen i marknaden for oppdrettslaks eit strålande eksempel på den frie marknaden si manglande evne til å regulere tilbod og pris for biologiske produksjonar. Då konsesjonslova for smolt vart oppheva på slutten av 1980-talet vart marknaden oversvøymd av billeg smolt som skapte krakket i oppdrettsnæringa først på 90- talet Slaktemogen laks kan vanskeleg lagrast og må marknadsførast uansett pris, og produksjonen starta med rogn tre år tidlegare. Sjølv ein liten overproduksjon "trykkjer" marknaden slik at prisen på totalvolumet går dramatisk ned. I tillegg var konsesjonane for oppdrett basert på volumet på merdane noko som førde til for mykje fisk pr. volumeining og enorme sjukdomsproblem og medisinbruk. Det vart for mange "blåruss" og for få biologar både i oppdrettsnæringa, i bankane og i regjeringskontora på denne tida. Det har diverre ikkje endra seg vesentleg seinare.

Regulering

Direktøren i den skotske oppdrettarforeininga seier det slik til Norsk Fiskeoppdrett Nr 17- 91.: " Jeg er selv markedsliberalist. Men når det gjelder oppdrettsfisk må det reguleringer til", og: "Oppdretterne i Norge bør ta styringen selv og ikkje lytte til eksportørene i Bergen. Et fritt marked fungerer ikkje for oppdrettsfisk, det har vi grundig fått demonstrert"..

Det meste tyder altså på at marknaden for biologiske produksjonar må regulerast av anna enn marknaden sjølv. Både politikarar og forskarar burde etter kvart forstå at den frie marknaden er svært dårleg skikka til å regulere tilbod og etterspurnad for biologiske produksjonar. Men dette er naturlegvis hår i supa til liberalistane i regjeringa. Dei har gjort kva dei har kunna for å svekke samvirkeorganisasjonane si evne til å regulere marknaden for landbruksprodukt - i den heilage frie konkurransen sitt namn. Regjeringa har nå slått fast at konkurranse er eit mål i seg sjølv ikkje berre eit middel til å oppnå andre samfunnsmål.

Landbruksliberalistane synest kanskje det er greit at "pengane i landbruket er flytta frå primærleddet til sluttleddet" Det er kanskje berre fint at Rimi-Hagen og Rema –Reitan blir milliardærar på å selje norske og utanlandske landbruksprodukt medan primærprodusentane får lågare og lågare timebetaling for kvart år. Det er vel ikkje tvil om at situasjonen har vorte verre her i landet etter at samvirkeorganisasjonane har vorte svekka.

Eg trur det er mange med meg som synes at dette ikkje er greitt og at det kunne ligge mange interessante spørsmål i forskning omkring problemet. Det burde klart høyre heime i faget landbrukspolitikk, men der er det vel framleis reinhekla liberalistar som rår grunnen, slik at problemstillinga er uinteressant.

 

Nils Standal, professor emeritus, NLH.